Bringebærgele
Laga av ferskpressa bringebærjuice. Passar godt til ostefatet, som eit friskt pålegg, eller som topping på kaker og dessertar, og på ei frisk ostekake.
Bringebærsyltetøy
Inneheld bær frå gamle hagar på Veiberg i Eidsdal. Hagane har stelt seg sjølv nokre tiår, og bæra er svært smaksrik. Vi kaller det for Veibergsyltetøy.
Plommechutney (nøytral)
Inneheld frukt og grønsaker frå Eidsdal og Norddal. Denne kan med stort hell brukast til kjøtrettar, til grillmat og kylling, men også til smaksrike ostar.
Plommechutney (krydra)
Laga av frukt og grønsaker frå Eidsdal og Norddal, og krydder frå fjerne himmelstrøk. Er svært god til sterke og middels sterke ostar.
Plommegele
Blir laga av saft frå norske plommer. Ein mild gele som varierer i smak og farge med plommesortane. Smakar godt til milde ostar, med rømme til vafler, som fyll i bløtkake, eller til kjøtpålegg.
Plommesyltetøy
Smaksrikt syltetøy med frukt frå Poldgarden i Eidsdal. Ingen sprøytemidlar er brukt. Der er mest Victoria-plommer, og litt Althans-plommer for å gjere smaken rundare.
Ripsgele
Den syrlege og knallraude smaken av sommar! Geleen som passar til alt! God til kjøtmaten, på ostefatet og til all slags bakverk.
Rødbetchutney
Her får du ei ny og spanande smaksoppleving. Prøv den over alt der du brukar rødbeter, og i tillegg til smaksrike ostar.
Solbærmarmelade
Laga av modne solbær og ekte vanilje. Solbærmarmelade er perfekt til blåmuggostar. Den er god til vilt og andre kjøtrettar, og gjerne med rømme til vaflar.
Stikkelsbærmarmelade
Stikkelsbærmarmelade er mild, men likevel frisk og syrleg. Utruleg godt til eit ferskt rundstykke. Har du også ein blåmuggost, blir det fest!
Rognebærgele med eple
Ein undervurdert matskatt? Akkurat passe bittert kan det brukast til gode salatar med sylta grønsakar og ost, til smaksrikt kjøtpålegg, og ikkje minst til julepålegget. Godt til ostefatet. Og til vilt.
Hermetiske krydderplommer
Plommene blir kokt med krydder frå fjerne himmelstrok, og noke av krydderet finn du også i glaset. Server gjerne med piska krem og eit kaneldryss eller brunsukker over. Eller med ei rask oppvarming i ovn og ein god is til.
Julegele
Ein mild gele med smak av norsk frukt, saman med krydder frå fjerne himmelstrok. Passar godt til julefrukost og koldtbord, til rull og anna kjøtpålegg og særleg til ostar i jula.
Hermetiske plommer
Plommer kokt i sukkerlake er ein nydeleg, gamaldags dessert. Hermetiske plommer er barndomsminner for mange! Plommene smakar spesielt godt med piska krem og eit dryss av kanel, gjerne servert i eit stettglas!
Rabarbrasyltetøy
For mange er rabarbra sjølve smaken av sommar! Rabarbrasyltetøy er godt på brødskiva, men kan også nytast som dessert, på vaflar og i kakefyll.