Reine, smaksrike produkt av lokal frukt, bær og grønsaker

Stolte Anton AS held til i Eidsdal på Sunnmøre, nærare bestemt i Nerigarden på Veiberg, ved inngangen til verdsarvområdet og Geiranger. Her finn du både produksjonslokale og gardsutsal, der du kan få kjøpt syltetøy, gelear, chutney, hermetiske plommer og drikkeklar saft. Produkta er laga av lokale råvarer delvis henta frå eigen hage. Vi er stolte av å kunne nytte ressursane i nærmiljøet som elles hadde gått til spille. På denne måten får dei gamle hagane nytt liv! Av dei lokale råvarene lagar vi produkt etter tradisjonelle oppskrifter med reine smakar av frukt og bær. Utover hausten lagar vi også krydra produkt som gjev dei gode julesmakane. Alle produkta er handlaga og heilt naturlege utan kunstige tilsetjingsstoff.

Utsalsstader

Forutan i vårt eige utsal kan du også få kjøpt produkta våre andre stader. Du kan også bestille varer med varetransport. Vi sender ut varer kvar tysdag morgon.

Vis utsalsstader