Vilkår for bruk

Dette kjøpet er regulert av dei nedanforståande  standard salsvilkår for forbrukarkjøp av varer over Internett. Med forbrukarkjøp er det her meint sal av vare til forbrukar som ikkje hovudsakleg handlar om ledd i næringsverksemd, og når selgjaren opptrer i næringsverksemd med sal av varer over internett. Forbrukarkjøp over internett blir hovudsakleg regulert av avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, ehandelslova og  angrerettslova. Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no.

Salsvilkåra er utarbeidd og anbefalt av Forbrukartilsynet. For ei betre forståing av desse vilkåra, sjå Forbrukartilsynet sin veiledar her .

AVTALEN

Avtalen mellom kjøpar og selgjar består av opplysningane selgjaren gjev om kjøpet i bestillingsløysinga i nettbutikken (herunder mellom anna opplysningar om vara sin art, mengde, kvalitet, andre eigenskapar, pris og leveringsvilkår), eventuell direkte korrespondanse mellom partane (til dømes e-post) samt desse salsvilkåra.

Ved eventuell motstrid mellom opplysningane selgjaren har gjeve om kjøpet i bestillingsløysinga i nettbutikken, direkte korrespondanse mellom partane og vilkåra i salsvilkåra, går direkte korrespondanse mellom partane og opplysningane gjeve i bestillingsløysinga framfor salsvilkåra, med mindre det ikkje strid mot bindande lovgiving.

PARTANE

Selgjar

Firmanamn: Stolte Anton AS 
Kontaktadresse: Veiberg 31, 6215 Eidsdal
E-post: post@stolteanton.no
Telefon: 94162863
Organisasjonsnr.: 921380461  

Kjøpar er den personen/bedrifta som gjer bestillinga.  

PRISAR  

Prisane, som er oppgjevne i nettbutikken, inkluderer meirverdiavgift om ikkje kjøpar vel å vise prisar utan mva eller er registrert som brukar frå eit land utanfor Noreg. Opplysningar om dei totale kostnadane kjøparen skal betale, inklusive alle avgifter (meirverdiavgift, toll og liknande) og leveringskostnader (frakt, porto, fakturagebyr, emballasje med meir) samt spesifisering av dei enkelte elementa i totalprisen, vert gjevne i bestillingsløysinga før bestillinga er gjort. (Vareleveransar til utlandet, Svalbard eller Jan Mayen skal selgjast utan tillegg av meirverdiavgift.)  

AVTALEINNGÅING



Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen si bestilling er motteken av selgjaren. Ein part er likevel ikkje bunden av avtalen dersom det har forekome skrive- eller tastefeil i tilbodet frå selgjaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparen si bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det låg føre ein slik feil.    

ORDREBEKREFTELSE  

Du mottek ei stadfesting på ordren på e-post umiddelbart etter at kjøpet er gjennomført. Det er anbefalt at kjøparen kontrollerer at ordrebekreftelsen stemmer overeins med bestillinga med omsyn til antal, varetype, pris osb. Er det ikkje samsvar mellom bestillinga og ordrebekreftelsen, ta kontakt med Stolte Anton AS på tlf 94162863 eller post@stolteanton.no.  

BETALING  

Selgjaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunkt den vert sendt frå selgjaren til kjøparen. Dersom kjøparen nyttar kredittkort eller debetkort ved betaling, kan selgjaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestillinga. Kortet blir belasta same dag som varene blir sendt.   Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen utferda ved sending av vara. Betalingsfristen går fram av  fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak. Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgjande faktura.  

LEVERING

Levering av vara frå selgjaren til kjøparen skjer på den måten, på den staden og til det tidspunkt som er angjeve i bestillingsløysinga i nettbutikken. Dersom leveringstidspunkt ikkje går fram av bestillingsløysinga eller e-post som følgjer med ordrebekreftelse, skal selgjaren levere vara til kjøpar innan rimeleg tid og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Skal selgjaren sørgje for at vara blir sendt til kjøparen, pliktar han å få vara frakta til bestemmelsesstaden på eigna måte og på vanlege vilkår for slik transport. Bestemmelsesstaden er hos kjøparen med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane.

RISIKOEN FOR VARA

Risikoen for vara går over på kjøparen når tingen er overteke av kjøparen i høve avtalen. Dersom leveringstida er koma og kjøparen unnlet å overta ei vare som er stilt til hans eller hennar rådigheit etter avtalen, har kjøparen likevel risikoen for tap eller skade som skuldast eigenskapar ved vara sjølv.

ANGRERETT

Stolte Anton AS forheld seg til dei til einkvar tid, gjeldande reglar i Angrerettlova som gir ein generell rett på 14 dagars angrefrist frå leveringsdato for å angre på kjøpet ditt. Merk at det er særskilde bestemmelsar i Angrerettlova knytt til tidsbestemte ytingar og varer som raskt blir forringa, som t.d. ferskvarer, der den generelle angrefristen ikkje gjeld, jfr § 22 i Angrerettlova. Viser elles til eige dokument om «Retningslinjer for angrerett» på nettsida.

UNDERSØKING AV VARA

Når kjøparen mottek vara, er det anbefalt at han eller ho i rimeleg utstrekning undersøkjer om den er i samsvar med bestillinga, om den har blitt skada under transporten eller om den elles har manglar. Dersom vara ikkje samsvarer med bestillinga eller har manglar, må kjøparen melde frå til selgjaren ved reklamasjon jf. kontrakta sitt punkt om «Reklamasjon ved mangel og frist for å melde krav ved forseinking». 

RETUR

Angrar du kjøpet og ynskjer å levere vara tilbake, har du ope kjøp i 14 dagar frå du mottek vara. Det er viktig at du sender oss ein e-post eller ringer for å opplyse oss om at du ynskjer å returnere vara så raskt som råd. Returkostnadane tilbake til oss blir dekt av kjøpar. Vara må returnerast i originalemballasje og i den stand du mottok den. Så snart vi har motteke varene refunderer vi beløpet til deg. Merk at vi kun refunderer varekostnaden og ikkje fraktbeløpet. Du bør rekne 3-5 verkedagar før pengane er på konto. Angrerettskjema ligg som vedlegg i eposten du mottek når ordren din er registrert.

REKLAMASJON VED MANGEL OG FRIST FOR Å MELDE KRAV VED FORSEINKING

Dersom det ligg føre ein mangel ved vara, må kjøparen innan rimeleg tid etter at han eller ho oppdaga den, gi selgjaren melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Fristen for å reklamere kan aldri vere kortare enn to månader frå det tidspunkt då forbrukaren oppdaga mangelen. Reklamasjon må likevel skje seinast to år etter at kjøparen overtok vara. Dersom vara eller delar av den er meint å vare vesentleg lengre, er reklamasjonsfristen fem år. Ved forseinking må krav rettast til selgjar innan rimeleg tid etter at leveringstida er koma og vara ikkje er levert. Dersom vara er betalt med kredittkort, kan kjøparen også velje å reklamere og sende krav direkte til kredittytar (kredittkortselskapet). Meldinga til selgjaren eller kredittytar bør vere skriftleg (e-post, telefaks eller brev).

KJØPAREN SINE RETTAR VED FORSEINKING

Dersom selgjaren ikkje leverer vara eller leverer den for seint i høve avtalen mellom partane, og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i høve reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 5 etter tilhøva halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå selgjaren. Oppfylling: Dersom selgjaren ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, kan kjøparen halde fast kjøpet og setje ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling frå selgjaren. Kjøparen kan likevel ikkje kreve oppfylling dersom det ligg føre ei hindring som selgjaren ikkje kan overvinne eller dersom oppfylling vil medføre ei så stor ulempe eller kostnad for selgjaren at det står i vesentleg misforhold til kjøparen si interesse i at selgjaren oppfyller. Fell vanskane bort innan rimeleg tid, kan forbrukaren krevje oppfylling. Heving: Kjøparen kan heve avtalen med selgjaren dersom forseinkinga er vesentleg eller dersom selgjaren ikkje levere vara innan den tilleggsfristen for oppfylling som kjøparen har fastsett. Kjøparen kan likevel ikkje heve avtalen medan tilleggsfristen endå varer, med mindre selgjaren har sagt at han eller ho ikkje vil oppfylle innan fristen. Erstatning: Kjøparen kan vidare krevje erstatning for tap han eller ho lir som følgje av forseinkinga frå selgjaren si side jf. forbrukarkjøpslova § 24. Kjøparen må melde krav til selgjaren ved reklamasjon jf. denne kontrakta sitt punkt om «Reklamasjon ved mangel og frist for å melde krav ved forseinking».

KJØPAREN SINE RETTAR VED MANGEL

Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i høve reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtalen heva og/eller erstatning frå selgjaren.

Retting eller omlevering: Dersom vara har ein mangel, kan kjøparen krevje at selgjaren rettar mangelen eller omleverer tilsvarande vare. Selgjaren kan motsetje seg kjøparen sitt krav dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller valdar selgjaren urimelege kostnader.

Selgjaren skal foreta rettinga eller omleveringa innan rimeleg tid. Retting eller omlevering skal gjerast utan kostnad for kjøparen, utan risiko for at kjøparen ikkje får dekt sine utlegg og utan vesentleg ulempe for kjøparen. Selgjaren kan ikkje gjere meir enn to forsøk på retting eller omlevering for same mangel, med mindre det ligg føre særlege grunnar som gjer at ytterlegare forsøk er rimeleg.

Sjølv om kjøparen verken krev retting eller omlevering, kan selgjaren tilby retting eller omlevering dersom dette skjer utan opphald. Dersom selgjaren sørgjer for slik retting eller omlevering, kan kjøparen ikkje krevje prisavslag eller heving.

Prisavslag: Dersom mangelen ikkje blir retta eller omlevert, kan kjøparen krevje forholdsmessig prisavslag.

Heving: I staden for prisavslag kan kjøparen heve avtalen, unnateke når mangelen er uvesentleg.

Erstatning: Kjøparen kan også krevje erstatning for økonomisk tap han eller ho får som følgje av at varen har ein mangel jf. forbrukarkjøpslova § 33.

Kjøparen må melde krav til selgjaren ved reklamasjon jf. denne kontrakta sitt punkt «Reklamasjon ved mangel og frist for å melde krav ved forseinking». Reglane om reklamasjon gjeld i tillegg til, og uavhengig av, reglane om angrerett og eventuelle garantiar stilt av selgjar. 

SELGJAREN SINE RETTAR VED MISLEGHALD AV KJØPAR

Dersom kjøparen ikkje betalar eller oppfyller dei øvrige pliktene etter avtalen, og dette ikkje skuldast selgjaren eller tilhøve på selgjaren si side, kan selgjaren i høve reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9 etter omstenda halde vara tilbake, krevje oppfylling av avtalen, krevje avtalen heva samt krevje erstatning frå kjøparen. Selgjaren kan også etter omstenda kunne krevje renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og gebyr ved ikkje-forskotsbetalte uavhenta varer.

Oppfylling: Dersom kjøparen ikkje betalar, kan selgjaren halde fast på kjøpet og krevje at kjøparen betalar kjøpesummen (oppfylling). Dersom vara ikkje er levert, tapar selgjaren sin rett dersom han ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

Heving: Ved vesentleg betalingsmisleghald eller anna vesentleg misleghald frå kjøpar, kan selgjaren heve avtalen. Selgjaren kan likevel ikkje heve etter at kjøpesummen er betalt.

Selgjaren kan også heve kjøpet dersom kjøparen ikkje betalar innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling som selgjaren har fastsett. Selgjaren kan likevel ikkje heve medan tilleggsfristen gjeld, med mindre kjøparen har sagt at han eller ho ikkje vil betale.

Erstatning: Selgjaren kan krevje erstatning frå kjøparen for økonomisk tap han eller ho får som følgje av kontraktsbrot frå kjøparen si side jf. forbrukarkjøpslova § 46.

Renter ved forseinka betaling/inkassogebyr: Dersom kjøparen ikkje betalar kjøpesummen i høve avtalen, kan selgjaren krevje renter av kjøpesummen etter lov om renter ved forseinka betaling. Ved manglande betaling kan kravet, etter føregåande varsel, bli sendt til inkasso, og kjøparen kan då bli halden ansvarleg for gebyr etter lov om inkassoverksemd og anna inndriving av forfalte pengekrav.

Gebyr ved uavhenta ikkje-forskotsbetalte varer: Dersom kjøparen unnlet å hente ubetalte varer, kan selgjaren belaste kjøpar med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekkje selgjaren sitt faktiske utlegg for å levere vara til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje belastas kjøparar under 18 år.  Stolte Anton AS tek ikkje ansvar for forringa eller redusert kvalitet og/eller haldbarheit på varer som ikkje blir henta eller teke imot til det opprinneleg bestilte hente- eller leveringstidspunkt.

GARANTI

Garanti som blir gitt av selgjaren eller produsenten, gir kjøparen rettar i tillegg til dei rettane kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgiving. Ein garanti inneber dermed ingen begrensningar i kjøparen sin rett til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt «Kjøparen sine rettar ved forseinking» og «Kjøparen sine rettar ved mangel».

PERSONOPPLYSNINGAR

Med mindre kjøparen samtykkjer til noko anna, kan selgjaren kun innhente og lagre dei personopplysningar som er nødvendige for at selgjaren skal kunne gjennomføre forpliktelsane etter avtalen. Personopplysningane til kjøpar under 15 år kan ikkje innhentast med mindre selgjaren har samtykkje frå forelde eller føresette. Kjøparen sine personopplysningar skal kun utleverast til andre dersom det er nødvendig for at selgjaren skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle. Selgjaren kan kun innhente kjøparen sitt personnummer dersom det er sakleg behov for sikker identifisering og slik innhenting er nødvendig.

Dersom selgjaren vil benytte kjøparen sine personopplysningar til andre føremål, til dømes til å sende kjøparen reklame eller informasjon ut over det som er nødvendig for å få gjennomført avtalen, må selgjaren innhente kjøparen sitt samtykkje ved avtaleinngåinga. Selgjaren må gi kjøparen informasjon om kva personopplysningane skal brukast til og om kven som skal bruke personopplysningane. Kjøparen sitt samtykkje må vere frivillig og bli avgitt ved ei aktiv handling, til dømes ved avkryssing.

Kjøparen skal enkelt kunne kontakte selgjaren, til dømes pr telefon eller e-post dersom han eller ho har spørsmål om selgjaren sin bruk av personopplysningar eller dersom han eller ho ynskjer at selgjaren slettar eller endrar personopplysningane.  

KONFLIKTLØYSING

Partane skal prøve å løyse eventuelle tvistar i god vilje. Kjøparen kan ta kontakt med Forbrukarrådet for å få hjelp i ein eventuell tvist med selgjar. Dersom løysing i god vilje ikkje blir oppnådd etter mekling i Forbrukarrådet, kan partane skriftleg be om at Forbrukarrådet fremjar tvisten for Forbrukartvistutvalet. Du kan lese meir om korleis du skal gå fram for å klage til Forbrukarrådet her.