Retningslinjer for frakt
LEVERING
Levering av vara frå selgjaren til kjøparen skjer på den måten, på den staden og til det tidspunkt som er angjeve i bestillingsløysinga i nettbutikken. Dersom leveringstidspunkt ikkje går fram av bestillingsløysinga eller e-post som følgjer med ordrebekreftelse, skal selgjaren levere vara til kjøpar innan rimeleg tid og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Skal selgjaren sørgje for at vara blir sendt til kjøparen, pliktar han å få vara frakta til bestemmelsesstaden på eigna måte og på vanlege vilkår for slik transport. Bestemmelsesstaden er hos kjøparen med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane.
Normalt har du varene dine 3-5 dagar frå vi har sendt bestillinga di. Vi sender ut bestillingar kvar tysdag. Fast frakt er kr. 100,- og vi sender pakka di med PostNord til nærmaste hentestad. Sporingsnummeret ligg i leveringsbekreftelsen som du får på epost når vi har sendt pakka. Hentemelding kjem på SMS, så det er viktig at riktig mobilnr. er oppgjeve. Du har 8 dagars frist for å hente pakka på postkontoret. Gjer du ikkje dette vert pakka returnert til oss.
Har du valgt «hente gratis hjå Stolte Anton AS», får du ein epost frå oss når bestillinga er pakka og klar for henting.
Er vi utselde for ei vare du har bestilt, tek vi kontakt med deg på epost og avtalar tilbakebetaling av kjøpesummen eller ettersending når vara er på lager att.
BETALING
Hjå oss kan du betale med Vipps, kort, faktura eller velgje å betale ved henting i butikk.
OPPKRAV
Har du vald oppkravsgebyr, vil dette gebyret kome i tillegg til fakturabeløpet.
KUNDAR PÅ SVALBARD
Posten har innført eit eige gebyr på pakkar som sendast til Svalbard. Kvar bestilling blir då belasta med dette gebyret på kr. 330,-.
RETUR
Angrar du kjøpet og ynskjer å levere vara tilbake, har du ope kjøp i 14 dagar frå du mottek vara. Det er viktig at du sender oss ein e-post eller ringer for å opplyse oss om at du ynskjer å returnere vara så raskt som råd. Returkostnadane tilbake til oss blir dekt av kjøpar. Vara må returnerast i originalemballasje og i den stand du mottok den. Så snart vi har motteke varene refunderer vi beløpet til deg. Merk at vi kun refunderer varekostnaden og ikkje fraktbeløpet. Du bør rekne 3-5 verkedagar før pengane er på konto. Angrerettskjema ligg som vedlegg i eposten du mottek når ordren din er registrert.