Historia

Bedrifta vart etablert i 2018 og har sitt opphav i Poldgarden på Sunnmøre. Anton Nydal var ein engasjert og dyktig gardbrukar i Poldgarden i Eidsdal på 1920-talet og framover mot 70-talet. Han var ein svært dyktig bonde, og bær, frukt og grønsaksproduksjon var hovudinntektkjelda.

Bilde av Anton NydalAnton Nydal Bilde av Kirsti IndreeideKirsti Indreeide


Etter hans tid gjekk det gradvis nedover med gardsdrifta, og frukthagen har ikkje vore stelt på ein generasjon. Mange av trea har gått ut, men nokre står framleis og gjev avling.

Initiativtakarane til Stolte Anton AS, Per Ove Nydal og Margreta Veiberg, er begge borneborn av Anton Nydal. Gradvis utvikla dei ideen om å gjere frukta i den gamle hagen til ein ressurs. Det har vist seg at i bygda Eidsdal, inngangen til verdsarvområdet, er fleire gamle, ubrukte hagar. Dei gjev no grunnlag for fleire av produkta dei lagar. No har Kirsti Indreeide teke over bedrifta og vil føre tradisjonen vidare. Det blir m.a. nytta bær frå eigen hage i Nerigarden på Veiberg. Elles kjem mesteparten av råvarene frå andre hagar i Eidsdal og Norddal samt andre bygder i Fjord kommune. Ein viktig del av filosofien vår er å ta i bruk unytta ressursar frå tre og busker som ikkje har vore hausta, så som plommer, eple, rips, bringebær og solbær for å nemne nokre. Slik gjev vi liv til gamle hagar.