Retningslinjer for angrerett

Angrerett inneber at kjøparen utan grunn kan returnere vara til selgjaren sjølv om det ikkje er nokon mangel ved den og sjølv om den ikkje er levert. Kjøparen må gi selgjar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar etter at vara, dei føreskrevne opplysningar om angreretten og angrerettsskjema er motteke. 

Mottek kjøparen angreskjema og dei nødvendige opplysningane på eit seinare tidspunkt enn ved levering av vara, startar angrefristen å gjelde frå den dagen kjøparen mottek angrerettsskjema og opplysningane. Dersom kjøparen ikkje mottek tilstrekkjeleg informasjon eller angrerettsskjema, vil angrefristen likevel gå ut 3 månader etter at vara er motteken. Dersom kjøparen ikkje har fått informasjon om angrerett i det heile teke, vil fristen vere 1 år. 

Meldinga frå kjøpar til selgjar om bruk av angreretten bør av bevisomsyn vere skriftleg (angrerettsskjema, e-post, telefaks eller brev), og den må innehalde opplysningar om korleis kjøparen vil returnere vara til selgjaren. 

Kjøparen skal utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå melding etter angreretten vart gjeven, sende varene tilbake, eller overlevere dei til selgjaren dersom selgjaren ikkje har tilbudt seg å hente varene. 

Dersom kjøparen uttrykkjeleg har valgt ei anna type levering enn standardleveringa som selgjaren tilbaud, skal selgjaren likevel ikkje betale tilleggskostnadane dette medførte.  

Tilbakebetaling skal skje utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå då selgjaren fekk melding om kjøparen si beslutning om å gjere seg nytte av angreretten. Med mindre noko anna uttrykkjeleg er avtalt med kjøparen, skal tilbakebetalinga skje ved bruk av same betalingsmiddel som kjøparen nytta. Kjøparen skal ikkje betale noko form for gebyr som følgje av tilbakebetalinga. 

Selgjaren kan halde tilbakebetalinga tilbake til varene er mottekne, eller til kjøparen har lagt fram dokumentasjon på at varene er sendt tilbake. Dette gjeld ikkje når selgjaren har tilbudt seg å hente varene. 

Kjøparen må bere kostnadane med å returnere varene dersom angreretten blir nytta.

Kjøparen kan undersøkje produktet før han eller ho angrar på kjøpet. Vara må likevel kunne leverast tilbake til selgjaren i tilnærma same stand og mengde som den var i då kjøparen mottok den. Selgjaren kan krevje at forbrukaren erstattar verdireduksjon som følgje av kjøparen si handtering av varene som ikkje har vore nødvendig for å slå fast vara sin art, eigenskapar og funksjon. 

Kjøparen bør sende vara tilbake til selgjaren i originalemballasjen dersom dette er mogleg. Kjøparen kan ikkje angre på kjøp av varer som raskt blir forringa, varer som av omsyn til helsevern eller hygiene ikkje er eigna for retur, eller på lyd- og bildeopptak (herunder CDar, DVDar) eller datamaskinprogram der forseglinga er broten.

Viser elles til Forbrukerrådets veileder for angrerett

RETUR

Angrar du kjøpet og ynskjer å levere vara tilbake, har du ope kjøp i 14 dagar frå du mottek vara. Det er viktig at du sender oss ein e-post eller ringer for å opplyse oss om at du ynskjer å returnere vara så raskt som råd. Returkostnadane tilbake til oss blir dekt av kjøpar. Vara må returnerast i originalemballasje og i den stand du mottok den. Så snart vi har motteke varene refunderer vi beløpet til deg. Merk at vi kun refunderer varekostnaden og ikkje fraktbeløpet. Du bør rekne 3-5 verkedagar før pengane er på konto. Angrerettskjema ligg som vedlegg i eposten du mottek når ordren din er registrert.

REFUSJON

Er det manglar eller feil ved bestillinga di, ta kontakt med oss på epost, så får du ny vare eller pengane tilbake.

Stolte Anton AS
Veiberg 31
6215 Eidsdal

Tlf.nr: 94162863
Epost: post@stolteanton.no